|
Då planane for "Friberg Kino" starta |
||
|
Har du undra deg over kor lenge det er sidan Friberg Kino vart starta, og
korleis det starta? Her finn du svaret! ![]() |
||
|
Huset over vart brukt til forsamlingslokale før
Ungdomshuset vart bygt. Biletet er frå tidleg på 1900-talet. Balestrand Ungdomslag hogg skogen og bygde huset på dugnad i 1920. Huset hadde høgt valmatak og stod der akvariet ligg i dag. I sommarstida heldt lokale spelemenn konsertar for turistane. I 1957 vart huset rive og flytta til Kaupangerskogen,
der det i dag står som bedehus.
Lokalhistorikar
og journalist
Johs. B. Thue har gjort ei framifrå graving i gamle
materiale, og med god hjelp frå Andreas Linde er historia om korleis det
starta no blitt nedteikna.. |
||
|
Trykk her om du ikkje ser menyen til venstre!
1920
11.11.1946
Desember 1949 Nils Ese var første filmmaskinist. Ungdomshuset "Friberg" måtte utvidast. Kompensasjon for å måtte sei frå seg grunn var gratis kinobillett til kvar framsyning.
Laurdag 10.06.1950 Opningsfilmen var "Hamlet" 1957 "Vi
går altfor lite på kino, dei fleste av oss." 1962 oktober
2002 |
Det var rett etter krigen at eigen kino blei sett på dagsorden i ungdomslaga
våre. Og ungdomslaga hadde heilt sidan tidleg på 1900-talet drive framseget
mot nye radikale vegskilje. Men det var ikkje berre ungdomslaga som bar
filmen fram som kulturtiltak. Fagforeiningane, særleg Arbeidsmandsforbundet,
engasjerte seg såleis kraftig for at det skulle kjøpast inn filmutstyr, med
tanke på lokale, mobile framsyningar på dei store kraftanlegga våre. Det
skjedde også. Film var underhaldning, men også personleg utvikling. Å driva film var ikkje noko ein berre byrja med i dei tider. Ein måtte ha konsesjon, og det fekk ungdomslaget i heradsstyremøte rett før jul i 1949. Etter opplysningar frå Andreas var det faktisk sokneprest, og prost i Ytre Sogn, Ragnvald Reed, som tala varmast for å gje konsesjon i heradsstyret. Reed representerte Venstre, og hadde radikale politiske meiningar. Blant kristenfolket elles i bygda blei nok film sett på som noko verdsleg og syndig som drog ungdommen bort frå Ordet. I tillegg var film noko nytt. Og alt nytt var i grunnen synd. Det var ei fast leiarstjerne. Etter konsesjonsvilkåra skulle filmmaskinisten ha brev og papir i orden. Også det bei ordna. Nils Ese har alltid hatt god innsikt i det meste, og blei sjølvsagt også ein habil filmmaskinist. Det gamle ungdomshuset "Friberg" måtte forresten påbyggjast for å få plass og avstand til filmmaskinane. ;em grensene til huset var knappe, og for å utvida kom ein på annan manns grunn. Men grunneigar Sverre Eitungjerde og Andreas Linde blei snøgt samde. Ungdomslaget fekk utvida huset sitt, og kompensasjonen for dette var ein kinobilliett kvar framsyning. Verre var det ikkje når vener møttest. Laurdag 10. juni 1950 kunne "Friberg Kino" opnast. Bygda hadde fått fast kino. Det var ein stolt formann Andreas som stod for velkomstorda. Han takka alle for det store arbeidet som var lagt ned i denne saka. Målet med fast kino var å få kulturtilbodet opp på eit høgre nivå enn det som reisekinoane hadde, sa Andreas. Han sa også at gode filmar ofte hadde vore nemnt som forklaring på kvifor så mykje landsungdom reiste inn til byane. I talen sin sa også Andreas at "Friberg Kino" kunne medverka til at dei som vaks opp i Balestrand ville trivast i bygda si. Å etblera ein eigen kino i ei bygd var altså ikkje berre eit rein kulturtiltak, men også ei distriktspolitisk motkraft, rett etter krigen. Opningsfilmen i Balestrand denne juni-kvelden var "Hamlet". Målet for dei som stod bak filminitiativet, var alltid å syna kvalitetsfilmar, slik det også er i dag. I 1950-åra var det litt at eit under å sitja i Balestrand å sjå at god kunst kunne berast fram av store kunstnarar. Det er i grunnen eit lite under, også i dag. Vi går altfor lite på kino, dei fleste av oss. Tekst: avskrift frå Johs. B. Thue Kulturhuset
vårt
Balestrand
Bygdahus vart teke i bruk i 1962. Etter
at Sygna vidaregåande skule etablerte seg her i 1984, vart situasjonen
på ny endra. Ungdom frå heile landet fekk skuletilbod her. Omorganisering I oktober 2002 vart nytt tilbygg på 120 kvm teke i bruk. Her vart det plass til kontor og øvingsrom for kulturskulen, kombinert med garderoberom, kombinert med garderoberom og opphaldsrom for teater-folk, artistar og andre som har framføringar på scena. Samstundes vart innganspartiet bygd om og rusta opp med heis og toalett for rullestolbrukarar. I kiosken vart det montert oppvaskbenk med varmt og kaldt vatn. Scena vart ombygd og sett i stand med tidsmessig teknisk utstyr. Målet
vidare Velkomen til felles tak for ei god sak. |
|