Filmar med låg aldersgrense, som tillatt for alle og 7 år, er ikkje nødvendigvis "barnefilmar". Filmane er riktignok utan scener som kan skremme dei minste og litt større borna. Men filmane kan likevel vere typiske vaksenfilmar.
Ein film med 11 år betyr heller ikkje at filmen dermed egnar seg spesielt godt for 11-åringar.
Aldersgrensene er eit uttrykk for at filmen inneheld scener som kan virke skremmande på born under grensa. Difor er aldersgrensene eit uttrykk for beskyttelse og ikkje kva som er eigna.
Som ei hjelp til foreldre har filmtilsynet laga stadig større vekt på å informere ved hjelp av anbefalingar.
Anbefalingar blir gjeve på filmar med låge aldersgrenser, men der filmen ikkje nødvendigvis passar for born.
18-årsgrensa er absolutt.
Som ei veiledning til foreldre som ynskjer å ta med seg yngre born på filmar med høgare grense, vert det i forbindelse med enkelte filmar gjeve ei "fråråding". Ei fråråding er eit uttrykk for at filmen befinn seg i den øvre delen av aldersgrensa. Filmar med fråråding inneheld scener eller tematikk som kan virke skremmande for born og unge under aldersgrensa.
Når foreldre eller andre føresette vel å ta med underårige på filmar, er dette på deira ansvar.